Andakten denne kvelden var ved Per Hjemdal, sokneprest i Fjell kyrkje. Han snakka om advent og om det å vente på Jesus, og når han kjem, så kjem han med fred og ikkje med frykt slik Kaptein Sabeltann gjer.
Inne i kyrkjerommet var det også mellom anna lystenning, bøn og allsong. Etter samlingsstunda i kyrkjerommet, åt vi kveldsmat i kyrkjelydssalen. Dette var siste Livets lys før jul, og den vanlege brødmaten var for anledningen bytt ut med pizza og brus.

Målgruppa for Livets lys er menneske med utviklingshemming og deira pårørande, men alle er hjarteleg velkomne. Arrangementa er i Foldnes kyrkje ein fredag i månaden mellom kl 18:00 og 20:00 (dei fleste månader iløpet av året).