Kyrkja hadde opprinnelig eit treskipa langhus under felles tak, og eit lågare og smalare kor i aust. I korets forlengelse lå eit lite prestesakristi, og vest for langhuset sto eit tårn. Ved ombygninga i 1963 vart langhus, kor og tårn omgitt av ein «omgang». Kyrkja har 280 sitteplassar.
I tilknyting til kyrkja ligg det eit kyrkjelydshus som vart bygd i 1996.
Adresse:
Kyrkjebryggja 20
5381 Glesvær
Adkomst:
- Næraste busshaldeplass er Kausland kyrkje. Det tar ca. 3 minuttar å gå frå busstoppet til kyrkja.
- Parkering er ved kyrkjelydshuset, tilkomst frå hovudvegen, følg skilt.
- Det er to HC-parkeringsplassar på høgre side framfor kyrkja
- Rullestolrampe ved sideinngangen
Kyrkjerommet:
- Det er to toaletter inne i kyrkja. HC-toalett finn ein i kyrkjelydshuset, 50 meter frå kyrkja.
- Det er to trappetrinn opp til alterringen
- Teleslynge er installert.
Kyrkjelydshus:
- Det er trappeløs inngang inn til kyrkjelydshuset.
- Her er det eitt toalett og eitt HC-toalett.
- Teleslynge er installert.