Det er mykje fin musikk eit brudepar kan velja til inn- og utgangsmusikk. Det er fullt mogleg å koma med spesielle ønskje til inn- og utgangsmusikk. Nokre ønskjer det tradisjonelle; andre vil kanskje ha noko komponert for anledninga. Uansett, så er det viktig å ta kontakt med organisten i god tid. Kyrkjekontoret vil kunne fortelja deg kven som kjem til å spela på bryllupsdagen.
Under seremonien kan det framførast høveleg vokal- eller instrumentalmusikk. Solistinnslag kan leggjast inn på to plassar:
- Etter tekstlesingane (istadenfor ein salme)
- Etter forbønshandlinga, før siste salmen
Det er mykje fin musikk og mange fine salmar og songar som passer godt som solistinnslag eller instrumentalmusikk i ei vigsel. Kyrkjerommet er eit sakralt rom og seremonien ei kyrkjeleg handling. Dette gjer at ikkje all musikk og einkvar songtekst egner seg i kyrkja. Hugs at presten skal godkjenne tekstar og organisten godkjenne musikken - også for soloinnslag.