Impuls

27.-29. januar 2023 er det Impuls, ein ungdomskonferanse i Stavanger. Her kjem det kvart år om lag 3000 ungdommar for å lovprise Gud og få påfyll til kvardagen og det som skjer i det lokale ungdomsarbeidet. FUNK arrangerer felles tur til denne konferansen.

Impuls

Vi tar Kystbussen til Stavanger, saman med folk frå ungdomsarbeidet i både Øygarden og Sund og frå Askøy. FUNK ønskjer å reise til Impuls, fordi konferansen har eit fokus på lovsong, forkynning og ungdomsarbeid som kan vere ei hjelp til vekst og inspirasjon i truslivet. I tillegg er det knallkjekt å reise på tur i lag!

FUNK skal sove på klasserom i kort gåavstand til IMI-kirken, kor konferansen er. Om du ønskjer å overnatte ein annan plass, må du ordne det sjølv. Vi prøver å sitte i lag i salen under Celebration. Viss du ønskjer det kan du bestille plass på galleriet. Det kostar 175 kr ekstra.

Mat er ikkje inkludert i konferansen, så det må vi rekne med utanom. Dei sel mat i ulike kafear under heile Impuls, men på laurdag går dei frå FUNK som ønskjer det til by'n og et pizza i lag.

Impuls har eit avmeldingsgebyr på 200,- viss du ikkje kjem.

Påmeldingsfrist: 18. desember. (Etter dette blir konferansen dyrare)

Prisar:

Konferansen (inkl 10% grupperabatt):
Ved medlemskap: 626,-
Utan medlemskap: 671,-

Overnatting i klasserom:
175,- for heile helga

Sitteplass på galleriet:
175,-

Reise:
Under 18 år: 600,- t/r
Student (inkl. vgs): 700 t/r

Vi har en felles påmelding for oss som reiser fra FUNK

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Kontaktinformasjon for Øygarden kyrkjelege fellesråd

Takknemleg, tenande, frimodig

Opningstider resepsjon:
Måndag, tysdag, onsdag og fredag kl. 09.30-14.30

Telefon: 400 03 316
post.oygarden@kyrkja.no

 

Øygarden kyrkjekontor
Tytebærbrekko 2
5353 Straume

Vi har kontor i andre
etasje på Temahuset. 

 

Bankkonto: 1506.35.46515

Organisasjonsnummer: 976 995 430

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"