Velkomen til gudsteneste!

Øygarden kyrkjelege fellesråd er veldig glad for at me kan invitere til gudsteneste. Alle som kjem skal føle at det er trygt å vere til stades. Difor ber me alle om å ta omsyn til smittevernet som er omtala i denne artikkelen. Frå og med 6. oktoberer det igjen mogeleg for ansvarleg arrangør å ha inntil 200 deltakarar på eit arrangement.

Ordningane for smittevern, som t.d. avstand gjeld fortsatt. Når lokalet er fullt som følgje av deltakartal og smittevernordningar kan ein ikkje ta inn fleire personar. Ved oppmøte blir det registrering av deltakarar for eventuelt seinare smittesporing (namnelista blir makulert etter 10 dagar).

 

Generell informasjon: 

Me oppmodar kyrkjelyden til å ta omsyn til reglane for smittervern. Unngå offentleg transport til kyrkjaMe tilbyr ikkje kyrkjeskyss. Begge dørene vert opna ved inngang og utgang for å unngå trengsel. Presten vil oppmode til avstand og at deltakarane ikkje stoppar opp før de er komen ut på plassen. Avstanden gjeld også utanfor kyrkja.  
Tilsette reingjer lokalet før, etter og imellom gudstenestene.  

Ved gudsteneste og andre kyrkjelege arrangement: 

  • Maksimalt 200 personar i tillegg til medverkande. 
  • Minimum 1 meters avstand, gjeld ikkje personar i same husstand 
  • Det vert innarbeida gode rutinar for handhygiene og reinhald 
  • Minst mogeleg felles bruk og berøring av utstyr 
  • Tilsette og frivillige har særleg ansvar å følgje helsestyresmaktene si råd og pålegg 

Kven kan ikkje kan delta på kyrkjelege arrangement: 

  • Dei som kan vere koronasjuke 
  • Dei som sit i karantene 
  • Dei som har symptom på luftvegsinfeksjon 

Gudstenester - tiltak i kyrkjerommet 

  • Me må registrere namn for eventuell smittesporing jmfrCovid-19-forskriftens §13 Namnelistene blir makulert etter 10 dagar. 
  • Annakvar benkerad er fysisk avsperra eller at det er tatt ut stolar 
  • Kyrkjevertane informerer dei som kjem inn, om gjeldande reglar og deler ut antibac for handhygiene. 
  • Informasjon om generelt smittevern. 
  • Mikrofonar, instrument eller bøker skal ikkje rørast av andre enn den som skal bruke utstyret og materiellet. 
  • Det vert nytta programark og/eller projektor og ikkje salmebøker. 
  • Handsprit er tilgjengeleg for deltakarane.  
  • Kyrkjetenar/kyrkjevert sørgjer for at folk plasserer seg med god avstand (gjeld ikkje dei i same husstand) 
  • I innleiinga til gudstenesta informer presten kyrkjelyden om spesielle rutinar. 
  • Me må også huske avstand når vi forlèt lokalet 
  • Det blir ikkjkyrkjekaffi 
  • Barnekroken blir stengt og leikar vert flytta bor slik at dei ikkje er tilgjengeleg.
  • Barn får utdelt teiknesakar dei kan ta med seg heim. 

Nattverd -særskilte tiltak 

  • Om ein ikkje har nok særkalkar eller utstyr for forsvarleg vask blir eingongsbeger brukt. 
  • Særkalkane vert plassert med godt mellomrom på eit brett, som igjen vert plassert på eit bord framme i kyrkja. Det vert lagt eit reint klede over. 

Kyrkjetenar som ordnar dette vaskar hendene godt før igangsetjing og bruker handsprit under prosessen. 

  • Det må ikkje vere direktekontakt mellom prest/nattverdutdeler og deltakarane. 
  • Me knelar ikkje ved altaret. 
  • Me brukasærkalkar som vert vaska i etterkant. 
  • Vin vert hella rett frå karaffel, som har mindre opning. Me bruker ikkje kalken av sølv. 
  • Deltakar tek ein kalk, strekk den fram for utdelar 1. Utdelar legg oblaten i kalken. Deltakar tek oblaten og rettar fram kalken for vinen frå utdelar 2. 
  • Prest/medliturg som førebur utdeling av vin og brød skal ha god handhygiene og har lett tilgang til handsprit under gudstenesta. 
  • Utdelar 1 og utdelar 2 må ikkje røre med kvarandre sin karaffel eller fat med oblatar. 
  • Presten er nøye på informasjon i kunngjeringane. 
  • Me har en fysisk øving på gjennomføring før gudstenesta. 

Dåp 

Det er mogeleg med eigne dåpsgudstenestar slik situasjonen er i dag. Ta kontakt med kyrkjekontoret sjølv om du ikkje finner tilbod om dåp i kalenderen. 

Prestar tek kontakt med alle dåpsfamiliar som allereie har avtaler, og avklarar korleis dåpen skal skje. Sjølv om reglene kan endre seg, skal kyrkja forsøke å gjennomføre dåp som planlagt. Dåp kan gjennomførast på ordinær måte. 

  • Dåpsfølget som står ved døypefonten saman med presten, bør bestå av få personar. 
  • Ved grundig handvask i forkant, kan dåpshandlinga gjennomførast på vanleg måte utan bruk av hanskar: Å teikne korsets teikn på panna, ause vatn over barnets hovud, tørke av barnets hovud og handspålegging. 
  • Papirserviett vert brukt til å tørke dåpsbarnet sittt hovud. Tøyserviett kan nyttast dersom dåpsfølget handterer denne. Andre løysningar som tek vare på smittevernomsynet kan vurderast. 
  • Det vert tilrådd at presten eventuelt lar ein i dåpsfølget løfte barnet fram for kyrkjelyden i etterkant av dåpshandlinga, og at barnet blir halde av same person gjennom dåpshandlinga/gudstenesta. 

Kontaktinformasjon for Øygarden kyrkjelege fellesråd

Takknemleg, tenande, frimodig

Åpningstider resepsjon:
Måndag - fredag kl. 10-14

Telefon: 400 03 316
post.oygarden@kyrkja.no

 

Øygarden kyrkjekontor
Tytebærbrekko 2
5353 Straume

Vi har kontor i andre
etasje på Temahuset. 

 

Bankkonto: 1506.35.46515

Organisasjonsnummer: 976 995 430

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"