Størst i Guds rike

-Barnet er størst i Guds rike, sa Jesus til disiplane sine, då dei ville vise bort foreldra som kom med borna sine til han. I den fyrste fasen, frå T1-dagen til T5-dagen, utforskar vi saman kva dette kan bety.

Teksten om då Jesus tok borna inntil dei og velsigna dei, og samstundes nytta høvet til å lære læresveinane sine ei viktig lekse om kven som eigentleg er størst og viktigast i Guds rike, blir lesen i gudstenesta kvar gong det er dåp av små born. Denne teksta er òg utgongspunket for T1, som er ein T-dag i tre delar: Dåpskurs, dåp (i gudstenesta) og babysong. På babysongen syng vi mange songar saman, både nye og gamle, og vi et deilig lunsj og pratar saman. På T2-dagen er det påske som er temaet. Vi har ei påskevandring i kyrkja, og vi nyttar alle sansane våre til å lære om kva som skjedde kvar av dagane i påska.

På T3-dagen er advent temaet. T3-dagen er ei familiegudsteneste der alle er hjarteleg velkomne, og der T3-borna får ei gåve som handlar om adventstida, til dømes ein kalender eller ei julebok. T4-dagen blir arrangert to gonger i året. Dette er også ei familiegudsteneste, og fireåringane får den fine "Kyrkjeboka". På T5-dagen er temaet "Den gode gjetaren". Den blir arrangert ein ettermiddag/kveld på vårparten, og femåringane får høyre historia i små grupper, saman med foreldre/føresette. Til saman dannar desse fem T-dagane basis for trusopplæringa i Fjell, Foldnes og Landro kyrkje.                                                      .