Eit rykande fersk nummer av kyrkjebladet for Øystre Slidre er no på veg ut i postkassane til alle husstandar i kommunen.
I dette nummeret kan du lese fyrste del i serien om gamle kristne tradisjonar. I alle utgåvene av kyrkjebladet dette året vil vi ha ein artikkel om gamle tradisjonar brukt i kyrkjelege handlingar.
Dette nummeret og tidlegare utgitte blad av kyrkjebladet kan du lese på nettsidene til kyrkja. Ta kontakt med kyrkjekontoret om du ikkje får kyrkjebladet. Nyaste utgåve av bladet er også tilgjengeleg i resepsjonen på Tingvang.