Volbu kyrkje vart bygd i tre og oppført kring år 1830 på same tufta som den gamle stavkyrkja stod. Denne vart truleg bygd midt på 1100-talet, og vigsla til St. Blasius. Ein del veggplankar, stavlegjer og sperrer frå den gamle kyrkja er no i det vesle Stavkyrkjemuseet. Antemensale (altarforstykket) frå den gamle kyrkja er no i den nye kyrkja.
Den vart måla fyst på 1300-talet, og Volbu kyrkje er den einaste av to kyrkjer i heile landet som enno har det opphavlege antemensale i bruk. Altartavla vart måla på 1790-talet av Ole Hermundsen Berge. I kyrkja heng m.a. eit gamalt røykelseskar.
Våpenhuset er dekorert av Sigmund Årseth. Orgelet frå 1960-talet og er bygd av Norsk orgel- og harmoniumsfabrikk.
Volbu sokn
VOLBU KYRKJE
![Volbu kyrkje / foto: Saskia Aleida Van Veen](/globalassets/fellesrad/oystre-slidre/volbu-sokn/volbu-kyrkje---sommer.jpg?width=800&height=448&quality=80&contId=2829881)
Volbu kyrkje / foto: Saskia Aleida Van Veen