Bak stengte dører?

I fjor var kyrkjedørene stengde i heile påska, kanskje for første gang i kyrkja si historie i Noreg. Ikkje ein gong under krigens dagar var det slik.

Bak stengte dører?

Det er når ein ikkje lenger har det som ein elles tek for gitt, at ein legg merke til kor viktig det er:

«I dag står flaggstangen naken
blant Eidsvolls grønnende trær.
Men nettopp i denne timen
vet vi hva frihet er.»

Slik las Nordahl Grieg frå NRKs radiostasjon i Tromsø 17. mai 1940. Vi kjenner dramatikken i orda hans frå ulike opplevingar det siste året. Vi har hatt mange eksempel på at vi plutseleg ikkje har noko vi har tatt for gitt, og kjenner no på kva det betyr for oss. No er det ein skjult fiende som trugar oss, helse og liv. Det er ikkje heilt den same dramatikk som for 80 år sidan, men likevel noko som får oss til å la vere å gjere det som elles hadde vore heilt naturleg: Helse på kjente og ukjente i handa, møte menneske både heime og ute, klemme på barn og barnebarn, vere i ei forsamling med mange menneske, gå på skule, arbeidsplassen, bussen, toget, fotballbanen – og vi kunne fortsette. Og alt dette gjer vi av frykt for helse og liv, for andre og for oss sjølve.

No skal vi feire påske, ikkje berre ha påske i kalenderen. I år ser det ut til at det er litt nye vilkår. Så vi planlegg påskefeiring - i kyrkjene – men med eit lite atterhald om kva som måtte bli nødvendig dersom det vert lokale smitteutbrot.

Den kristne kyrkja er blitt til i ein situasjon prega av drama og frykt. Ei av historiene frå påskeevangeliet handlar endå til om stengde dører. Det er ganske forståeleg det som vert fortald i Johannesevangeliet kappittel 20, vers 19-23. Disiplane gøymde seg og stengde døra bak seg fordi dei var redde. Dei hadde gode grunnar til å stenge døra. Dei såg kva som skjedde med Jesus, dei kunne frykte det same for deira eigen del. Det var blitt ny uro i Jerusalem av ryktene om at han ikkje var lenger i grava der han var lagt.

Men ikkje ein gong deira frykt kunne stenge den oppstandne Jesus ute og forhindre han i å møte dei der dei var i livet: Fylte av frykt, stengte inne i sin eigen redsel. Jesus kom likevel, Jesus kom heilt inn til dei. Han kom ikkje med latterleggjering av at dei var redde. Han kom heller ikkje med hevn over dei som hadde både forlatt han og fornekta han. Han kom ikkje ein gong med kritikk.

Han kom med eit anna budskap: «Fred vere med dykk!»

Dette vart på eit vis den første kristne gudsteneste, som eit møte mellom den oppstandne Jesus Kristus og dei menneske som samlar seg fordi dei følgjer han – eller har følgt han. Så sender han dei ut. For å dele det dette møtet med den oppstandne gir dei. Slik har det halde fram, heilt til oss og vår tid: Nokon har halde ryktet om den oppstandne Jesus Kristus levande og skapt møteplasser mellom oss og han.

Slik har våre gudstenester vorte til. Slik er dei fortsatt noko som er meir enn oss sjølve og våre kjensler av frykt eller kva det måtte vere som fyller oss. Men dei er også eit møte der vi kan vere oss sjølve, ja, der vi ikkje kan vere noko anna enn oss sjølve. For det er slik den oppstandne kan møte oss. Og sette mot i oss. Og sende oss ut for å leve og dele det Gud har gitt oss.

Vi treng desse møtene. Med den oppstandne – og med kvarandre. Difor håpar eg inderleg at vi kan få feira gudstenester i kyrkjene denne påska. Skulle det ikkje gå, minner påskeevangeliet oss om at Jesus når inn til oss der vi er – likevel. I så fall treng vi endå meir eit ord om fred.

God påske!

Helsing
Olav Fykse Tveit
Preses og biskop for Nidaros domprosti  

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Kontaktinformasjon for Buvik, Børsa og Skaun menigheter

Besøksadresse
Skaun kirkekontor ligger i Skaun rådhus
Tausvegen 16, 7353 Børsa

Åpningstider 
Mandag: 08.30 – 11.30 og 12.30 – 13.30

Tirsdag: 12:30 - 13:30

Onsdag: 08.30 – 11.30 og 12.30 – 13.30

Torsdag: 08.30 – 11.30 og 12.30 – 13.30

Fredag: Stengt

 

Postadresse 
Tausvegen 16, 7353 Børsa

E-post 
post.skaun@kirken.no

Telefon
418 64 424

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"