Storm Duo presenterar prosjektet Traces of Traditions som jobbar for å bevare og formidle norsk- og islandsk folkemusikktradisjon. Prosjektet inneheld bestillingsverket “Traces of Traditions” av Jo Asgeir Lie, og folkemusikk frå Island og Noreg arrangert av Storm Duo. Vi spelar også tradisjonell trekkspelmusikk i Varietesjangeren.
Deltakarane i prosjektet er Asta Soffia Thorgeirsdottir, Kristina Farstad Bjørdal (Storm Duo), og komponist Jo Asgeir Lie. Asta Soffia kjem frå Husavik på Island, og har bachelor frå Noregs Musikkhøgskule og studerer no master på Musikkhøgskulen i Freiburg. Kristina er frå Tennfjord på Sunnmøre, og har bachelor i utøvande akkordeon frå Det Kongelige Danske Musikkonservatorium. Studerer no master ved samme institusjon.
“Traces of Traditions” har Jo Asgeir har skrive til oss i klassisk stil, og er inspirert/basert på norsk og islandsk folkemusikk. Det er interessant å sjå på tradisjonlinjer mellom islandsk og norsk folkemusikk, då der er nokre likskapar men også ein del ulikskapar. Stykket understreker og viser skildnader og likskapar mellom tradisjonen i dei to landa. I tillegg til at det av Storm Duo arrangerast tradisjonelle islandske og norske folkemusikkmelodiar både frå bygdedans-, runddans- og folkesangtradisjonen.
Storm Duo syns akkordeon/trekkspel er eit veldig godt eigna instrument for dette prosjektet, då instrumentet står sterkt i folkesjela i dei to landa.
Billetter kan kjøpes i døren
Voksne kr 200.-
Barn Gratis