Det blir med fire kor, Steinkjer damekor, Steinkjer blandakor, Steinkjer kammerkor og mannskoret Sjarm, ei messinggruppe med pauker beståande av Johan Daniel Hætta Turi , Helge Holthe og Rita Skjermo, trompet, Anne Sally Lona Tønne, horn, Per Ivar Nicolaisen, trombone, Magne Emberland, tuba og Anders Damås, pauker. I tillegg deltar Hilde Waaseth Nicolaisen på fløyte, songsolistane Magnhild Hagen Gaundal, Augustine Rikkeliva Nygaard, Magne Emberland og Oddvar Andersen og dei to kantorane Kristin Eek og Wout Bosschaart. Her får de vere med og synge flotte påskesalmar, både kjente og ukjente. Dette blir veldig flott, og vi håper de blir med og syng saman med oss. Det blir også servert kaffe undervegs. Vi reknar med at Påskesangfesten tar ca. 1,5 – 2 timar.
Påskesangfest i Steinkjer kirke 2. påskedag kl. 19.00
Inspirert av «Salmeboka minutt for minutt» inviterer vi til Påskesangfest 2. påskedag kl. 19.00 i Steinkjer kirke. Da skal vi synge alle påsketidssalmane i salmeboka frå nr.186 til 215.