Vintrane i gamle dagar!
- av sokneprest Anders Grytten
Då eg var barn, var det snø og skiføre heile vinteren og sol og bading om somrane.
Slik hugsar eg det, men eit raskt søk i Meterologisk institutt sine databaser, vil avsløre at veret ikkje berre var slik då Oddvar Nordli var statsminister.
Hjernen vår redigerer minna våre. Men vår indre redaktør er er ikkje som ein nettavisredaktør. Det er det gode som får størst plass. Når vi mistar nokon vi er glad i, skjer det same. Dei fine minna legg seg naturleg på sjela si førsteside.
Vi er samansette menneske med både gode og mindre gode sider. Det er ei trøyst at dei rundt oss nok er skrudd saman slik at dei kjem til å minnast det gode meist!
Vi hugsar det gode! Eller som Paulus skriv: Alt skal forgå, men kjærleiken vert ståande!
Det viktige, det som har tyngde i eit liv, vert ståande.
Fleire filosofar i den kristne tradisjonen seier at det berre er det gode som har eigentleg eksistens. Det onde er berre ei fordreing av det gode. Det kjem ikkje frå Gud, og vert ikkje ståande. Det gjer berre det som er av “ta onta” (sorry, det er så fint på latin) eller “dei virkelege ting”. Altså det gode som er av Gud.
For meg er dette ein motivasjon! Ikkje noko menneske er utan betydning, uansett kor små og hjelpelause vi kan kjenne oss i ei vanskeleg verd. Det gode - eit smil, rausheit, tilgjeving, hjelp, ein felles latter - fører til meir godt. Det er som ringar i vatn. Det gode sprer seg og byggjer opp!
Jesus så ikkje så mykje om Gud, men han fortalde likningar om “Guds rike”. Jesus spelar på profetiar i Det gamle testamentet om Fredsriket som skal kome. Der det ikkje er urettferd, splitting og vald. Men korleis kjem det?
Jesus sa: «Med Guds rike er det slik: Det er som når ein mann har sådd kornet i jorda. Han søv og står opp, det blir natt og det blir dag, og kornet gror og veks; han veit ikkje korleis det går til. Av seg sjølv ber jorda grøde, først strå, så aks, så fulle korn i akset.»
Tru på det gode. For berre det kan forandre verda!
Andakta stod på trykk i Sulaposten torsdag 28.01.21