Ei bøn når eg tek på munnbind
Gud, min Skapar, mens eg førebur meg på å gå ut i verda,
hjelp meg til å sjå det heilage ved å ha på dette kledet.
La det vere ein handgripeleg og synleg måte å elska min neste,
som eg elskar meg sjølv.
Jesus Kristus, sidan leppene mine vert dekte,
avdekk hjertet mitt,
ved at folk ser smilet mitt i rynka rundt auga mine.
Sidan stemma mi blir dempa, hjelp meg til å snakke tydeleg,
ikkje berre med orda mine, men også i handlingane.
Heilag ande, når strikken rører øyra mine,
minn meg om å lytte nøye og omsorgsfullt til alle eg møter.
Måtte dette enkle kledet vere skjold og vern,
og må kvart andedrag som det held tilbake,
fyllast med din kjærleik.
I ditt namn og i din kjærleik, bed eg.
Amen.
"A prayer as I put on my mask" av. Dr. Richard Bott, United Church of Canada.
Omsett av kapellan Kirsti Evensen Bjåstad