Andakt, palmesøndag

Denne dags preiketekst til denne dags andakt er henta frå Joh 12, 12-24 - Jesus rir inn i Jerusalem. No startar påskedagane. I dag er det palmesøndag med festopptog, glade rop og velkomst for Jesus. Folk ville ha han som konge. Dei stimla saman, og sto tett langs vegen der han kom ridande. Gleda og forventninga blei levd ut fritt i fellesskapet. Velsigna palmesøndag!

Andakt, palmesøndag

No startar påskedagane. I dag er det palmesøndag med festopptog, glade rop og velkomst for Jesus. Folk ville ha han som konge. Dei stimla saman, og sto tett langs vegen der han kom ridande. Gleda og forventninga blei levd ut fritt i fellesskapet. Det nærmaste vi har å samanlikne med, er 17. mai, med tog og feiring i tett fellesskap. Og gleda og forventninga 17. mai 1945 er kanskje det aller nærmaste, med den forskjellen at nordmenn då var eit fritt folk og det var ikkje israelittane på Jesu tid. Dei hadde fortsatt trusselen frå okkupantane hengande over seg, men dei lengta og håpa. Og no var håpet deira knytt til Jesus.


Det var ikkje smittevern-avstand der då, slik som for oss no. Vi kan kjenne lengselen etter eit slikt fellesskap. Dette blir ei rar påske, utan moglegheit til å møtast og saman høyre bodskapen knytt til palmesøndag, skjærtorsdag, langfredag og påskedag. Utan moglegheit til å vere saman i kyrkja vår og synge, be, feira nattverd og høyre lidingshistoria og bodskapen om Jesu siger over døden. Det blir rart, og trist. Påske og fellesskap høyrer saman. Vi skulle så gjerne kunne møtast. Vi ser fram til å kunne gjere det, og håpar det let seg gjere snart. Denne påska blir ei tid for å lengte etter fellesskapet.
Men kva er hovudbodskapen til oss palmesøndag? Det er jo faktisk ikkje at alle desse menneska var samla. Og inn i våre situasjon er det ikkje å samlast mange i lag i kyrkja. Hovudbodskapen er at Jesus kjem til oss. Han kjem til det vanlege livet, og også det uvanlege livet vi lever no. «Ver ikkje redd, dotter Sion! Sjå, kongen din kjem, ridande på ein eselfole.» (v. 15) Ver ikkje redd, Jesus kjem til deg! Der du er i ditt eige hus, i karantene, i isolasjon på sjukehuset, eller kor du enn må vere av smittevern-omsyn.


I historia om Jesus var palmeblad og esel, det heilt vanlege, brukbart i jubelen og hyllinga av han. Han trengte ikkje ein flott hest og raud løpar. Han er ein annleis konge. Ein konge for vanlege folk, som deg og meg. For den angstfulle, slitne og sjuke. For den som fryktar for konkurs og trongare tider. For flyktningen, asylsøkaren og tiggaren. For den fattige, undertrykte, krigsherja og den som er utsett for  vald og overgrep.


Det som betydde noko, var at Jesus kom og at folk tok imot han. Vi skal få ta imot han og hylle han med det som er for handa, det vanlege. Vi skal få opne hjarta våre for han, og la han vere ein del av liva våre, slik det er akkurat no. Vi skal sleppe å vere åleine, også i tider med avstand mellom oss. Han er den som bind oss saman, sjølv når vi ikkje kan vere saman. Og han gjev oss eit oppdrag: Gjer mot andre som du vil at dei skal gjere mot dei!

Ver sjølv ein som kjem til den som treng nærleik og omsorg.
Lat oss, kvar for oss og saman med alle kristne på jorda, lovsynge Jesus for at han kom til oss! Lat oss bruke dei vanlege orda, og også orda vi har fått i bibeltekstane, når vi opnar hjarta våre for han!

Hosianna! Velsigna er han som kjem i Herrens namn, Israels konge! (v. 13 b)

Andakt skrive av kapellan Kirsti Evensen Bjåstad

2. Mos 12,21-28

Ef 2, 12-18.    

Joh 12, 12-24.

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Kontaktinformasjon for Sula kyrkjelyd

Telefon
70 19 96 00
Tirsdag-fredag 10:00-14:00

E-post
post@kyrkja.sula.no

Kyrkjekontoret
Sloghaugvegen 13, Langevåg 
(Sula Rådhus)

Postadresse
Postboks 228
6039 Langevåg

Langevåg kyrkje
Steinhaugen 2, 6030 Langevåg

Indre Sula kyrkje
Bjørkavågsvegen 46, 6037 Eidsnes

 

Gi ei gåve til Sula sokn >

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"