Frå 1. oktober 2018 får ikkje lenger kyrkja fødselsmeldingar frå Folkeregisteret når medlemmar i Den Norske kyrkja har fått barn. Dette gjer at vi ikkje lenger har moglegheit til å sende ut invitasjon til dåp i posten.
Sula Sokn vil gjerne nå ut til dei som ynskjer å døype borna sine og har derfor hengt opp plakatar og informasjonskonvoluttar ved helsestajonen i Langevåg, biblioteket i Langevåg og i begge kyrkjene i kommuna.
Vi oppfordrar forelde til å ta med seg ein konvolutt med alt ein treng av informasjon til dåpen.
Ynskjer du å vite ledige datoar for dåp i soknet er det bare å ringe kyrkjekontoret.
Vi ser fram til å høyre frå deg!
Velkomen til dåp!
Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.