Fasteaksjonen 2021 - Bli kjent med Champo Miyambo

Fem år gamle Champo Miyambo elskar vatn, difor passar det perfekt at ho bare kan gå nokre få meter bort til brønnen. Slik har det ikkje alltid vore.

Fem år gamle Champo Miyambo elskar vatn (Foto: Kirkens Nødhjelp)

VATNJENTA CHAMPO

Tekst: Anette Torjusen

Vi treff den smilande femåringen ved vannpumpa. I dag er ho med systera si Mary på 13 år for å fylle opp vantkannene med reint vatn.

Champo bur i landsbyen Kasalaulo i Zambia saman med 1753 andre. I eit hus som ho deler med mamma Susan og dei fem syskena sine.

- Der borte bur eg, seier ho og peiker på eit lite hus laga av gras og leire. Utanfor trippar hønene, mens eit par av syskena hennar slappar av på trappa.

Måtte gå i mange timar

Champo er så liten at ho ikkje kan hugse korleis det var å ikkje ha reint vatn, for før Kirkens Nødhjelp bora ein brønn i 2018, måtte dei drikke og lage mat av vatnet dei henta i elva. 

Før dei fekk vatn i landsbyen, var dei mykje sjuke. Elva var deira einaste vatnkjelde. Den var både urein og full av bakteriar. Mamma Susan fortel at det var mykje slit og sjukdom.

I tillegg måtte dei gå langt for å hente vatn.

Glad i frukt

Champo har ikkje byrja på skulen enda, så når ho ikkje er ute og leikar med syskena eller vennane sine, liker ho å hjelpe mamma Susan med å lage mat.

- Eg er veldig glad i mango, smiler hun.

I landsbyen dyrkar dei mango, sharon og ei rotgrønnsak som heiter kassava. Den smakar nesten som potet. I tillegg sel mora hennar fisk på marknaden. Så dei har ofte fisk på menyen heime.

Champo elskar å være med familien sin, og ekstra stas er det å være med den minste broren Chishimba.

-Eg brukar å mate han, og det er gøy.

I landsbyen er dei ikkje lenger bekymra for at borna skal bli sjuke av det ureine vatnet, men bli smitta av covid-19.

Difor er det ekstra viktig at landsbybebuarane har tilgong til reint vatn, til både handvask og for å hindre andre sjukdommar i tillegg til pandemien.

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Kontaktinformasjon for Sula kyrkjelyd

Telefon
70 19 96 00
Tirsdag-fredag 10:00-14:00

E-post
post@kyrkja.sula.no

Kyrkjekontoret
Sloghaugvegen 13, Langevåg 
(Sula Rådhus)

Postadresse
Postboks 228
6039 Langevåg

Langevåg kyrkje
Steinhaugen 2, 6030 Langevåg

Indre Sula kyrkje
Bjørkavågsvegen 46, 6037 Eidsnes

 

Gi ei gåve til Sula sokn >

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"