Ein drope vatn gir håp i tørka!

Eit håp kan starte med ein drope vatn. Det kan gi ei framtid utan svolt, fattigdom og konflikt. Vatn kan endre liv, ein landsby og eit land. Vatn er livsviktig. Ein av dei som ser dette kvar einaste dag er agronom Takondwa Phanga. La oss bli litt meir kjent med han og arbeidet hans...

Tenner håp: Takondwa Phanga er agronom og bruker yrket sitt til å få bønder i Malawi ut av fattigdom

Alt Takondwa Phanga (26) tek i spirar og gror, og det går gjetord om den flinke agronomen i mils omkrets. Sjølv har han bare eit mål og det er å dele raust med kunnskapen sin, slik at småbønder kan komma seg ut av fattigdom og svolt.

(Av: Anette Torjusen. Foto: Håvard Bjelland)

Tørke skapar akutt svoltkrise for millionar av menneske kvar enaste dag.

Eit håp kan starte med ein drope vatn. Det kan gi ei framtid utan svolt, fattigdom og konflikt. Vatn kan endre liv, ein landsby og eit land. Vatn er livsviktig. Ein av dei som ser dette kvar einaste dag er agronom Takondwa Phanga. 

Vi er i landsbyen Chingagwe i Malawi, der tolv småbønder får opplæring i moderne jordbruk.
- Her i landsbyen hjelp eg småbøndene med å heva kvaliteta på avlingane slik at dei kan hauste meir og samstundes auke inntektene sine, fortel han.

Prosjektet starta i desember 2020, og allereie eit år seinare har bøndene tredobla inntektene sine. Sjølv gir han opplæring i 17 område.

Målet er å få småbønder ut av fattigdom og svolt, samstundes som dei utviklar seg som bønder. 
I Malawi lev 80% av landbruk, og så mange som fire millionar menneske manglar tilgong på vatn. Dei tolv bøndene vi møter idag, har investert i ett sett med kvalitetsfrø, eit vatningssystem og gjødsel. I tillegg lærer dei seg gode metodar for å utvikle jordbruket sitt.

- Jobben min er perfekt for meg. Min lidenskap er å hjelpa bønder til å utvikla seg slik at dei kan få betre resultat. Gjennom jobben min kan eg vere med på å gjere ein skilnad.

Det tradisjonelle jordbruket skapar stort press på både jorda og vatnressursane. Dei moderne jordbruksmetodane, som gir større og sikrare avlingar på mindre areal og brukar mindre vatn, er utilgjengeleg for småbønder i verdas fattigaste land. Både irrigasjonsutstyr, frø og kunstgjødsel blir selde kun i store kvanta. Bøndene manglar utdanning og dei færraste har råd til å invistere.

Bønder som nyttar seg av moderne jordbruksteknologi, slepp å hente vatn i brønner og elver. I staden fyller dei ei bøtte med vatn, som er kopla til to slangar. Slangane har små hol, sånn at vatnet piplar ut og gir ein jevn vatning av grønnsakene. Bøndene kjøper seg ein startpakke som består av kvalitetsfrø, et irrigasjonssett og gjødsel. Eit slikt sett kostar 100 kroner. Før måtte dei hente vatn fleire gongar om dagen sånn at plantane fekk nok vatn. Takka vere irrigasjonssystemet, får plantane vatnet de treng.

Irrigasjonssystemet: Slangane har små hol, sånn at vatnet piplar ut og gir ein jevn vatning av grønnsakene.

Nye metodar: Agronomen har ansvaret for 17 områder med 12 bønder i kvart område. Han lærer dei om nye metodar og korleis ein får mest ut av grønnsaksåkeren sin.

Ofte kan det vere trangt om plassen i landsbyar og hagar, derfor er og plassutnytting eit viktig tema Phanga lærer bort. I staden for å plante ei rad med tomater, brukar dei same plassen til å dyrke to rader. I tillegg får bøndene ein innføring i kva for grønnsaker som egnar seg best å dyrke og korleis dei best bør oppbevarast slik at dei kan øke inntektene sine.

Etter at bøndene blei med i prosjektet, kan agronomen sjå stor skilnad i folk sine liv.

- Bøndene og familiane deira har no enkel og forutsigbar tilgong til grønnsaker. Dei har auka inntektene sine og dei investerar vidare. Før hadde dei kanskje ingen eller lite pengar. No har dei stabil inntekt, som sørjer for næringsrik mat på bordet kvar einaste dag.

Denne endringa gjer at han har tru på framtida.

- Målet mitt er å få andre til å sjå korleis dei sjølve kan endre liva sine. Som nyutdanna håpa eg at eg skulle få oppfyllt draumen min om å jobbe i Kirkens Nødhjelp. No gjer eg det, og det gjer meg glad og takksam. Måten Kirkens Nødhjelp jobbar med lokalsamfunn på, er rett og viktig. Eg er veldig stolt over at eg kan få vere med endre verda for dei som treng det mest.

Ver med å gjer ein skilnad for andre! 
Ta godt imot konfirmantane våre som kjem som bøssebærarar på døra di 05.april.

Kunne du tenke deg å være med som bøssebærar eller hjelpe til med andre oppgåver aksjonsdagen 05.april kan du melde deg via SMS 48058235.

Gi di støtte: SMS (250,-) eller Vipps til 2426

 

 

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Kontaktinformasjon for Sula kyrkjelyd

Telefon
70 19 96 00
Tirsdag-fredag 10:00-14:00

E-post
post@kyrkja.sula.no

Kyrkjekontoret
Sloghaugvegen 13, Langevåg 
(Sula Rådhus)

Postadresse
Postboks 228
6039 Langevåg

Langevåg kyrkje
Steinhaugen 2, 6030 Langevåg

Indre Sula kyrkje
Bjørkavågsvegen 46, 6037 Eidsnes

 

Gi ei gåve til Sula sokn >

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"