Onsdag 18. september kl. 18.00 ynskjer vi velkomen til Heil-gudsteneste i Langevåg kyrkje. Velkomen til ei gudsteneste litt utanom det vanlege. Ei heil gudsteneste er inkluderande og vi har fokus på tilrettelegging av innhald, oppleving og deltaking, men gudstenesta passar absolutt for alle. Det blir mogleg å komme til nattverd og det blir kyrkjekaffi etter gudstenesta.
Staben i Sula sokn og Kyrkjeklubben ynskjer varmt velkomen til kveldsgudsteneste.