Sidan smittesituasjonen er ulik rundt om, så skal vi ta ei avgjerd om dette lokalt, og ikkje nasjonalt. Dette arbeidet er vi i gang med, og ei avgjerd om dette blir tatt så snart som råd etter at vi har fått kartlagt ynskjer frå konfirmantforeldre/føresatte. Det er blitt sendt ut ein spørreundersøking til alle foreldre/føresatte. Så flott om alle kan gi oss ein tilbakemelding på denne slik at vi får eit heilhetlig bilde av ynskjer og kan få kartlagt utifrå tilbakemeldingar her.
Når avgjerda er tatt vil beskjed først bli formidla direkte til foreldre/føresette pr e-post og sms, før vi i tillegg legg det ut på nettside og Facebook. Vi reknar med at vi vil ha ein endeleg status klart i veke 9 og/eller veke 10.