Misjonsprosjektet i Estland

Visste du at Sula kyrkjelyd har hatt eit misjonsprosjekt i Estland sidan 2012, og at vi også har ei tilknytta misjonsforening "Ester" som arbeidar med dette viktige arbeidet? Vi har eit inntrykk av at det kanskje ikkje er så mange som kjenner til dette prosjektet så vi vil gjerne informere meir kring dette. Misjonsprosjektet i Estland er eit prosjekt mellom Sula kyrkjelyd og NMS, der hjartesaka er  menighetsplanting i Maria Magdalena menighet i Mustamäe i Tallinn og St. Thomas menighet i Saku.

Misjonsparet Magne og Ave Mølster saman med prest Tiina Klement til høgre

Å bygga kyrjelyd og kyrkje

Før krigen var 97 prosent av befolkninga medlemer i eit kyrkjesamfunn, dei fleste i EELK. (Estland Evangeliske Luterske Kyrkje.) I dag fell bare ein av fire inn i den kategorien. Det store fleirtalet har minimal kjennskap til innhaldet i kristen tru. I løpet av 50 år med kommunisme vaks det fram nye befolkningssentra utan kyrkjer. Saman med NMS er Sula kyrkjelyd no med på å byggje både kyrkjelyd og kyrkje i to slike tilflyttningsområde. Den eine i Mustamäe, ein bydel i Tallinn, den andre i forstaden Saku.

Satsting på born og unge

Gjennom satsing på born og unge vil kyrkjelydane i Mustamäe og Saku vere til inspirasjon også for andre kyrkjelydar der dette arbeidet har ligge nede sidan mellomkrigstida. Dei bidreg også til opplæring av ungdomsleiarar og til eit spannande kristent mediearbeid av og for ungdom. Det er starta opp bl.a. barnegrupper, barnekyrkja (søndagsskule), ungdomsgrupper og konfirmantundervisning. 

Mustamäe

Dette er ein forstad til Tallinn med rundt 65.000 innbyggarar. Den estiske presten Tiina Klement leier arbeidet her. Ho har teke diakonutdanning i Noreg og kan godt norsk. I byrjinga i 2010 omfatta menigheten 30 menneske i alle aldrar og dei fekk den gongen eige lokale i ein kjellar med inngong i ein bakgard - sentralt ved rådhuset i Mustamäe bydel. No er talet på medlemmar 115 stk.

Kommunen gav i 2013 kyrkjelyden ei tomt for bygging av ny kyrkje. Prosessen med nybygget har vore lang og utfordrande då dei er avhengige av støtte, men kyrkjebygget reiser seg litt og litt. I slutten av 2018 var kyrkja ferdig utvendig og dei venta på kompensasjon frå staten for å få framdrift på vidare bygging og ferdigstilling av nokre areal inne i kyrkja. På våren 2019 fekk dei beskjed om at dei måtte flytte ut av lokala i kjellaren og finne seg nye lokale. Fristen for flytting blei heldigvis flytta frå sommaren til 1. september. Den 25. august i år flytta dei ut av kjellaren og inn i nokre klare kontorlokaler i den nye kyrkja som på langt nær er ferdig. Men draumen og håpet om å komme seg inn i ein ferdig del av den elles så uferdige kyrkja var blitt eit bønnesvar. På grunn av dei nye små lokala og utfordringane kring byggeplass så må dei denne hausten drive barne - og ungdomsarbeidet på nye måtar til kyrkjebygget er heilt ferdig. Kyrkjebyggkontoen er no tom så det er inntil vidare byggestans i kyrkja. Målet er å samle inn nok pengar til at arbeidet kan starte opp igjen slik at dei på sikt vil kunne få ferdigstilt meir og meir av kyrkja og utnytte alt areal til vidare menighetsbygging.

Saku

Saku er ein større tettstad utanfor hovudstaden Tallinn med drøyt 10.000 innbyggjerar.
Saku St. Thomas menighet blei stifta 2. februar 2013 og held til i eit eldre bedehus. Frivelleg innsats har resultert i at det er blitt ein "preikestad" med gudstenester, søndagsskule og ungdomsarbeid. Misjonærparet Ave og Magne Mølster (ho er frå Estland og han er norsk) starta si misjonærtjeneste i Saku saman med den førstefødte sonen Joel i 2013. Dei ynskja å byggje vidare på det gode arbeidet med mål om å opprette ei eiga menighet, samstundes som dei vil ha ein sterk relasjon til menigheten i Mustamäe, fyrst og fremst knytt til barne- og ungdomsarbeidet. Menigheten har i gjennomsnitt vakse med 20 medlemmar i året sidan oppstarten i 2013. Per i dag er det 117 døypte medlemmar. Dei fleste har komt til gjennom dåp eller konfirmasjon.

Nytt kyrkjebygg er på veg også i Saku og den 11. april i år vart det første spadetaket satt i jorda. Den 18. juni vart hjørnesteinen på det nye kyrkjebygget lagt ner og det vart ein kort og høgtidelig velsigning av arbeidet og arbeiderane. Det nye kyrkjebygget reiser seg og det er nok pengar til å få tak og veggar på plass. Etter det er alt i Guds hender...

Vi vonar å utfordre potensielle givarar lokalt til å støtte arbeidet no når ein kan sjå at kyrkjene reiser seg og være med å få ferdigstilt dette viktige arbeidet slik at menighetene kan vekse seg større og sterkare og nå enda fleire med bodskapet!

Vær med å støtt arbeidet i Estland!
Sula kyrkjelyd vil allereie no på familiegudstenesta på søndag 08.09.19 ha kollekt for Misjonsprosjektet i Estland. Det er også mulighet å bli fast givar!

Les gjerne meir på bloggane under for å få ytterlegare informasjon og
sjølv følge Misjonsprosjektet i Estland. 

 

 

 

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Kontaktinformasjon for Sula kyrkjelyd

Telefon
70 19 96 00
Tirsdag-fredag 10:00-14:00

E-post
post@kyrkja.sula.no

Kyrkjekontoret
Sloghaugvegen 13, Langevåg 
(Sula Rådhus)

Postadresse
Postboks 228
6039 Langevåg

Langevåg kyrkje
Steinhaugen 2, 6030 Langevåg

Indre Sula kyrkje
Bjørkavågsvegen 46, 6037 Eidsnes

 

Gi ei gåve til Sula sokn >

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"