Vi skal gjere agent-ting, som å utforske kyrkja, Bibelen og kyrkjetårnet. Agentane vil få ein eigen agentkode, vi skal løyse oppdrag og undersøke mysterium. På søndagen skal vi vere med på gudstenesta og vise noko av det vi har funne ut.
Vi møtest i kyrkja lørdag frå kl 10:00 til kl 14:30.
På søndagen treffast vi igjen kl 10:00 og held på til kyrkjekaffien er ferdig, seinast kl. 13:00.
Foreldre, søsken, besteforeldre, fadrar og vener er alle velkomne til Tårnagentgudstenesta som startar kl. 11.00 på søndagen.
Har du ikkje moglegheit til å vere med på søndag, kan du vere med berre på fredag.
Englevakter
Til deg som har ein 3.klassing i huset: Kan du tenkje deg å vere Englevakt? Ei Englevakt er ein som er med nokre timar denne fredagen og bidreg med til dømes å følgje borna opp i kyrkjetårnet, hjelpe til med mat, gå saman med dei på symboljakt og utføre andre praktiske oppgåver. Eller stille med noko mat/kake eller ordne med kyrkjekaffien på søndag.