40.000 bøssebærarar skulle denne veka banka på dører over heile landet for å samle inn pengar til Kirkens Nødhjelps årlege fasteaksjon. At aksjonen og innsamlinga i år vart digital som følge av koronakrisa har ikkje lagt noko dempar på det store engasjementet. Så longt har folk i Sula kommune gitt totalt 59.539 kroner til fasteaksjonen.
-Vi vil rette ei stor takk og hjarteleg takk til konfirmantane med foreldre/føresatte, givarar og alle andre som har gjort eit bidrag til vår tids viktigaste fasteaksjon. Med pengane som samlast inn, vil Kirkens Nødhjelp sikre reint vatn til sårbare menneske over heile verda, og trappe opp kampen mot koronaviruset, seier diakon Ingvild.
Koronaviruset sprer seg no til fattige land, og konsekvensane kan bli katastrofale om smitta ikkje kan stoggast. Reint vatn, såpe og god hygiene er livsviktige faktorar i denne ekstreme situasjonen. Både for å forebygge viare spreiing, men og for å hjelpe dei som allereie er ramma.
For kvar krone som er blitt samla inn kan Kirkens Nødhjelp hjelpe dei som treng det som aller mest i 30 av dei mest sårbare landa i verda, seier Ingvild, og minner om at det framleis er mogleg å støtte årets fasteaksjon på VIPPS 2426 eller SMS VANN til 2426 (200,-).