Korleis er det å vere fosterheim og kva skal til for å bli det?

Bli med på ein kveld fylt med levande historier og spennande spørsmål på Førde kyrkjetun onsdag 31. august 2022 kl. 18:00–20:00.

Korleis er det å vere fosterheim og kva skal til for å bli det?
På programmet står forfattarane Brynjulf Jung Tjønn og Siv Merethe Aannevik. Forfattarane vil lese utdrag frå sine bøker og det er mogelegheit til å stille spørsmål direkte til forfattarane i etterkant.
 
Rådgjevarar frå fosterheimstenestesta arrangerer paneldebatt. Der du får mogelegheit til å stille spørsmål direkte til ein fosterheim eller ein ungdom som har budd i fosterheim.
 
Siv Merethe Aannevik er kjend frå å ha skreve boka: Med vind i håret. Boka bygger på hennar bakgrunn som fosterforeldrer frå 2006 til 2021. I boka skriv ho om livet som fostermor, der ho byr på historier frå kvardagen som fostermor.
 
Brynjulf Jung Tjønn er forfattar med fleire merittar på lista over publiserte bøker. På kveldens føredrag er det boka: Kvar dag skal vi vere så modige. Kvar dag skal vi vere så modige handlar om dei som har det vanskeleg, om dei vi overser. men også om dei som plutseleg bryr seg.
 
I etterkant at forfattersamtale vert de invitert med på panelsamtale med fosterheimstenesta. Fosterheimstenesta har invitert med seg fosterbarn som vil kunne gje svar på korleis det har vore for dei å bu i fosterheim, og andre spørsmål som kan kome frå publikum.
 
Samarbeidet mellom kyrkjelyden og fosterheimstenesta er eit nasjonalt satningsområde for å rekruttere fleire fosterheimar. Å bu heime er ikkje tryggast for alle. I dag bur 11 000 barn og unge i fosterhjem, og kvart år treng vi 1000 nye fosterheimar i Noreg.
 
Fosterbarn er som alle andre barn. Forskjellige. Dei har si eiga historie, personlighet og bakgrunn. Felles for alle er behovet for vaksne som kan gje tryggleik, omsorg og kjærleik. I mange tilfeller finn barneverntenesta ein ny heim i barnets slekt eller nettverk. Andre ganger må vi leite utanfor slekt og nettverk. Då er det viktig å nå så mange potensielle fosterforeldre som mogeleg med informasjon om behovet for fosterheimar. Det aukar mogelegheitene for at vi finner den rette fosterheimen for kvart enkelt barn.
 
Kvelden vert arrangert i eit samarbeid mellom Den norske kyrkja og Bufetat v/fosterheimstenesta i Førde.
Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"