Det har vore basar på "tikaffien." Det var kollekt til Kirkens Nødhjelp
på kyrkjekoret sin konsert på torsdag,
og ikkje minst var konfirmantane rundt med bøsser på tysdag.
Saman har Førde kyrkje samla inn 164954,-
til Kirkens Nødhjelp sin fasteaksjon for reint vatn.
Det er rekordinnsamling for Førde, og slik det ser ut i skrivande stund har vi samla inn tredje mest pengar i heile Vestland fylke.
Tusen takk til alle som har gitt, og til alle som har bidrege i aksjonen.
Om du enno ikkje har fått gitt, er det framleis mogleg å gje på Vipps til 2426.
Fasteaksjonen 2022
Fasteaksjonen 2022: Forandre for andre