Soknemøte om liturgi
Det vert halde soknemøte i Førde sokn den 18. oktober etter gudstenesta i Førde kyrkje kl 11.00. I Holsen og Haukedalen sokn er det og soknemøte same dag. Det er i Haukedalen kyrkje etter gudstenesta kl 15.00. Sak på soknemøte er: Ny gudstenesteliturgi. Framlegget til liturgi vert brukt i gudstenesta, for at kyrkjelyden skal verte kjend med den. Vel møtt!