Førde kyrkje torsdag 17.nov kl.19.00. Einar Prestøy Sandsund var ein gut frå Dale som elska å sjå på kattar, rulle nedover grasbakkar, gøyme seg i hyller og bygge umoglege tårn. Då han var knapt to år fekk familien beskjed om at han hadde ein sjeldan og alvorleg nervesjukdom. Gradvis ville han miste alt.
Einars bok er ein biografi om ein gut som berre blei fire og eit halvt år og ein dag gammal. Likevel fekk han oppleve utruleg mykje på dei få åra han levde. Boka handlar om dei mange, store hendingane i eit barneliv. Samstundes tek den føre seg spørsmålet: «Kva betyr ein sommar, når vi veit at han forsvinn?»
KATRINE SELE
Katrine Sele er forfattar og jobbar som rådgivar ved Høgskulen på Vestlandet.
Einars bok kom i 2021.
Tidlegare har ho mellom anna gitt ut Jølster hotell – historier frå eit asylmottak og Kenneth. Ein biografi om Kenneth Sivertsen.
Arrangør: Førde Sokneråd
Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.