Deciding er ei ungdomsgruppe, som har eige band, drama og dansegruppe, og øver kvar tysdag kl. 19:00 på Førde kyrkjetun. Songane dei syng, dansar og spelar til er kjente poplåtar, som ungdommane sjølv har valt ut. Deciding vil gjerne ha fleire med og inviterer til workshop for deg som fyller 13 år i år.
Likar du å synge? Spelar du litt og vil gjerne lære å spele saman med andre? Likar du å danse eller ynskjer å lære meir om drama?
Alle er med å lære nokre låtar. I tillegg er det tre ulike seminar du kan vere med på:
- Band/jam
- Dans
- Drama
Tid: - Fredag 14. mai kl. 10.00 – 18.00.
På denne samlinga skal vi øve inn ei framsyning, som familien er velkomen til sjå kl. 17.45 (om smittevernreglane tillèt det).
I løpet av dagen vert det servering av lunsj og det er taco på ettermiddagen. Det er også kiosk med sal av drikke og diverse.
Arrangementet kostar 50,-.
Påmelding!
Innan 10. mai på https://minkirkeside.no/Sunnfjord