I samarbeid med Friskliv- og frivilligsenteret og Sunnfjord kommune pleier Førde kyrkje å arrangere julefeiring på Førde kyrkjetun julafta frå kl 17.00-20.00. Tilbod samlar menneske frå ulike nasjonar og i ulike aldrar til fellesskap julekvelden. Det vert servert tradisjonell norsk julemat, og på programmet står juletregang, gåver til dei minste og god tid til prat kring borda.
For å kunne gjennomføre arrangementet er vi avhengig av frivillige som er med som vertsskap, og fleire og fleire ser verdien av å gjere nokon saman med andre denne kvelden.
Vi håper å kunne få til arrangementet igjen julaftan 2025! Ta kontakt om du kan bidra!