Soknerådet er fullt klar over at vi stadig blir oppringt frå ulike spørjeundersøkingar og stadig blir bedne om å gje tilbakemeldingar i hytt og pine. Vi vonar likevel at folk vil bruke nokre minuttar på denne spørjeundersøkinga, - for dette gjeld oss! Dette gjeld kyrkja vår og bygda vår og er til beste for sambygdingane våre. Korleis kan kyrkjelyden vår bidra og legge til rette for at vi skal halde på det gode og utvikle oss på ein god måte til teneste for folket i Gaular?
Soknerådet ønskjer at flest mogeleg og alle som kan gir svar digitalt. Men for at flest mogeleg skal vere med trykkjer vi spørsmåla også i kyrkjebladet. Anten ein leverer digitalt eller på papir (brevpost eller i postkassen på veggen ved kyrkjelydshuset ) er undersøkinga anonym. Når alle svar er samla inn vil resultatet bli presentert i kyrkjebladet, i kyrkjelyden sin årsrapport og elles der det er naturleg å bruke den.
For å svare digitalt, gå til https://app.easyquest.com/q/n7ZCj
Gi oss nokre minutt og hjelp oss til å bli betre! Slik at det kjennest at kyrkja i Gaular er her for deg også!
Soknerådet