Ved ein feil blei innbyding først sendt til dei som går i 5. klasse. Vi sender ut brevet på nytt, men legg det også ut her.
Tårnagent
Dei som går i 4. klasse vil snart få invitasjon til hemmeleg samling i Sande kyrkje der vi skal løyse ulike mysterium og gå på stader der ikkje mange går i kyrkja sine mange krikar og krokar. Tårnagentane skulle vore samla i januar - men smittevernreglar sette oppdraget på vent. No må oppdraget løysast: Det skjer laurdag 13. november og rapport skal avleggast søndag 14. november klokka 14.00. Meir informasjon kjem i posten - men gjer klar for teneste og oppdrag. Når rapport er avlevert søndag kan alle som har lyst samlast til sosialt treff med basar, utlodning og gevinstar på kyrkjelydshuset - det kan bli ei fin avslutning på agenthelga.