Ungdomsklubben på Sande kyrkjelydshus er open ca. annankvar søndag kl.19.00-21.30. Dei konfirmantane som har ansvar møter ein halv time før for å lage i stand. Dei er også med å rydde opp att etterpå. Det vil alltid vere minst ein vaksenleiar med. Sjå ansvarslista under.
Ungdomsklubben på Sande
Ungdomsklubben på Sande er ein del av kyrkja sitt ungdomsarbeid. I tillegg kan dei som er konfirmantar velje ungdomsklubb som aktivitet under konfirmasjonstida. Dei som har valt ungdomsklubben som aktivitet er med på å selje kioskvarer, og å rigge til og rydde opp før og etter ungdomsklubben. Det er moglegheit for å spele mange ulike spel. Mellom anna brettspel, Playstation og biljard og bordtennis. Midt i ungdomsklubben er det sett av tid til ei andakt. Ungdomsklubben er driven av soknepresten og diakoniarbeidaren, i tillegg til nokre frivillige.
