Bibelen er så mykje meir enn ei bok. Den er eit heilt bibliotek med bøker i mange sjangrar; Noveller, poesi, biografiar, epos og apokalypser.
Fram i gjennom historia har bibelen inspirert kunstnarar til visuelle tolkingar av forteljingane. I boka «Bibelen på 200 sider» har kunsthistorikar Jorunn Veiteberg vore biletredaktør for systra, biskop Kari Veiteberg,
når ho viser lesaren vegar til bøkene i Bibelen.

Onsdag 15. juni kjem Kari og Jorunn Veitberg til Helgheim kyrkje kl.20:00
for å fortelje om bøkenes bok i lys av anna litteratur og kunst som har motiva sine derifrå.
Publikum får også høyre nærare om dei nye biletvevane i kyrkja, som Elsa Norunn Håheim Nydal har gitt motiv til.
Lyrikaren og kunstnaren frå Klakegg les eigne dikt og kantor Rune Molvik let orgelet få fortelje, slik berre musikken kan.

Bibelkunnskap er viktig for å forstå både litteratur, musikk og kunst, men boka kan vere tung å lese.
Kari Veiteberg viser ein enklare veg inn til Bibel-tekstane.
Frå evangelia tek ho oss med til det gamle testamentet og vidare til breva, salmane og merkelege tekstar som Johannes’ openbaring.
Ho fortel om fæle tekstar, og tekstar som har blitt brukt til å halde kvinner nede. Vi får vite kor kjende uttrykk som «perler for svin» og «ulv i fåreklær» kjem frå.
I dei flotte illustrasjonane Jorunn Veiteberg har valt ut, ser vi korleis Bibelen er gjenskapt i verdskunsten.

Fritt tilgjenge og høve til å kjøpe signerte eksemplar av "Bibelen på 200 sider" etter programmet.
Velkomne!