Skjærtorsdag 01.april Vassenden kyrkjesenter kl.19:00 – 20:30
Tilbod om : Open kyrkje, rom for stillheit, tenne lys, bøn, musikk.
Påskevandring ved Vassenden kyrkjesenter.
Ved påskevandring gjeld og avstand på 2 meter mellom personar som ikkje er i same husstand.
Det er høve til å sende sms til Prest Carsten, om du ynskjer at han skal tenne lys eller lese ei bøn for deg. Tlf. Carsten 90239173
Langfredag 02.april Ålhus kyrkje kl.10:30 – 12:30
Tilbod om : Open kyrkje, rom for stillheit, tenne lys, bøn, musikk
Påskedag 04.april Helgheim kyrkje kl.12:00 - 13:30
Tilbod om : Open kyrkje, rom for stillheit, tenne lys, bøn, musikk
---
Det ligg ein kross ved alle kyrkjene i Jølster
Ta ein tur og set ned di påskelilje. Så er vi saman med på å syne at påska ikkje er avlyst.
Tenk om krossen vår kunne lyse gult påskedag.
-Ta turen til Vassenden kyrkjesenter når du vil,- gå på Påskevandring ei vandring der du går frå post til post og tek del i påska sitt bodskap.