Gulatingslova er den eldste lova som tek fram folkestyre i Norden. I samband med nasjonalt jubileum kristenretten og 750 års jubileum for Landslova, er Gulatinget/Eivindvik peika ut som «tusenårsstad i Sogn og Fjordane». 23. -25. august er det jubileumsfeiring med ulike arrangement. Eit av dei er jubileumsgudsteneste i Gulen kyrkje i Eivindvik 25/8 med biskop Ragnhild Jepsen. Kyrkja i Jølster har i fleire år reist på tur med full buss med Vidar Feldt som super sjåfør. Vi har vore på Kinnaspelet, Seljumannamesse, «heim» til Sørebø, til Urnes stavkyrkje, Orheimtunet og i fjor til Dragseidespelet. Det har vore flotte opplevingar, fin tur og godt fellesskap. I år inviterer vi deg med til Gulen til Tusenårsstaden og jubileumsgudsteneste i Gulen kyrkje med biskopen.
- Søndag 25/8 avreise med buss frå Skei kl. 07.00.
- kl 11.00 gudsteneste Gulen Kyrkje i Eivindvik med biskop Ragnhild Jepsen.
- Kyrkjekaffi i kommunehuset.
- Mat i "Grindstova" (eller annan stad)
- Omvising på Gulatingstaden på Flolid 4 km frå Eivindvik
Ta med niste.
Pris ca. kr 500 for vaksne. Born kr 100..
Meld deg på til kyrkjekontoret innan 15/8, tlf. 57828180 (sentralbord Sunnfjordkyrkja)
post.jolster@sunnfjordkyrkja.no
eller Astrid Feldt 41684368, astridaafeldt@gmail.com,
Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.