Måndag 24. februar og måndag 3. mars kl. 12.15 – 14.35 inviterer vi til samlingar på Vassenden Kyrkjesenter. Då skal vi utforske og bli meir kjent med Bibelen. Og kva betyr eigentleg «KODE B»? Det blir ulike aktivitetar og leikar, vi skal ete noko godt i lag og gjere førebuingar til gudstenesta den 9. mars. Trusopplærar Gerd hentar dykk ute på plassen ved administrasjonen på skulen kl. 12.15. Dei som skal rekke skulebussen heim att kl 14.30, blir køyrt tilbake.
Søndag 9. mars kl. 11.00 er det familiegudsteneste i Ålhus kyrkje der du vil få ei flott teikneseriebok som heiter Action Bibelen som ei gåve frå kyrkjelyden. Vi skal også delta i gudstenesta med både skodespel, song og «rapp».
Viss du berre har anledning til å delta på eitt eller to av dei tre arrangementa, så går det bra, men fint om de gjev beskjed.
Vi håpar DU kjem!! Hjarteleg velkomen!
Påmelding
Send påmelding innan fredag 21.februar på sms til Gerd: 41693870.
NB! Hugs å oppgje namnet på barnet, evt behov for tilrettelegging, matallergiar og kva for dagar barnet blir med på samling. Vi må også vite om barnet ditt skal tilbake på sfo eller ta skulebuss etter samlingane.
Dersom de har spørsmål, er det berre å ringe til Gerd.