Du skal ikkje gå inn i kyrkja dersom du
- har symptom på luftvegsinfeksjon, som rennande nase, feber, sår hals, hoste eller pustevansker.
- har vore i kontakt med nokon som har fått stadfesta Koronavirus-smitte.
- det er mindre enn 14 dagar sidan du kom til Norge frå land utanfor Norden.
- det er mindre enn 14 dagar sidan du kom frå Sverige eller Finland med innreise til Norge frå og med 17.3.
Inne i lokalet skal følgjande reglar følgjast:
- Ikkje fleire enn 25 deltakande, som sit med minst 2 meters avstand.
- Unngå handhelsing, omfamning eller på annan måte ha direkte kontakt med andre.
- Host i papirlommeduk (kast i søppel etterpå), host i albogekroken om du ikkje har lommeduk. Vask hendene etterpå.
- Syt for god handhygiene elles. Alt dette for å hindre smitteoverføring.
Kyrkjeverja og kommuneoverlegen i Sunnfjord kommune
Ved spørsmål sjå: sunnfjord.kommune.no, FHI.no, helsedirektoratet.no, helsenorge.no eller ring informasjonstelefon for koronaviruset 81555015.