Tidebøn frå Vassenden kyrkjesenter veke 17
«La oss gjere det som er normalt i unormale tider. Lat oss be» sa biskop Halvor i sin andakt frå Mariakirken 17. mars. Han minna oss om at det normale for den kristne kyrkja har alltid vore å vende seg til Gud i bøn både i glede og i naud. Det er unormalt at Gudshusa våre er stengde, men vi kan framleis gjere det som har vore det normale for kristne gjennom historia, nemlig å be. Vi kan be kvar på vår stad og vite at til tross for at vi ikkje saman med så mange andre, så er vi ein del av eit stort felleskap, som strekker seg utover verda og som strekker seg gjennom tidene. På Bjørgvin bispedømme sine nettsider blir det kvar dag lagt ut bøn og andakt kl.12.00 Her i Sunnfjord vil vi også legge ut ei tidebøn i veka, der du kan vere med å synge og be der du er.