Kyrkjevalet 2019 er over, og det er klart kven som skal sitje i Løvstakksiden menighetsråd i neste periode.
Valet var eit reint personval, dvs. der var berre ei liste, og valet gjaldt då kven som fekk mest stemmer av personane på lista. Desverre hadde vi ikkje så mange å velje mellom som vi skulle ynskje. Forhåpentlegvis kan vi gjere dette betre neste gong; men det står ikkje til å nekte at det er ei problemstilling som mange andre menigheter også slit med.
Rådet skal ha 8 valde medlemmar, så dei 8 som får flest stemmer vert faste medlemmar av rådet.
1. | Anne Karin Rudjord Unneland | 179 stemmer | |
2. | Berit Eggen Solstad | 178 stemmer | |
3. | Jorunn May Johnsen | 174 stemmer | |
4. | William Udvid Shah | 171 stemmer | |
5. | Sven Gudmund Hinderaker | 168 stemmer | |
6. | Mona Karina Joksch Berg | 166 stemmer | |
7. | Jostein Gimmestad | 165 stemmer | |
8. | Hans Teige | 164 stemmer | |
9. | Ann Kristin Sandvik Heggholmen | 159 stemmer | 1. vara |
I tillegg til dei valde er fungerande sokneprest Gunnar Erstad medlem av rådet.
Administrasjonsleiar er saksbehandlar for rådet, utan stemmerett.
Fyrste møte for det nye rådet vert 20. november 2019 på møteromet oppe i Solheim kyrkje. Dette er eit møte der det gamle rådet takkar av og gjev stafettpinnen vidare. Det nye rådet skal så konstituere seg, noko som fyrst og fremst inneber å velje leiar og nestleiar.










Gunnar Erstad