Det går mot vår

Om vårjamndøgn, sol og måne og klokka. Ved Knut Arnold Kvalsvik.

Det går mot vår

Vi er i mars månad, oppkalla etter den romerske krigsguden Mars, som også er namnet på den nærmaste planeten utanfor oss (lenger frå sola), den raude planet.

Vårjamndøgn

No byrjar naturen sakte å våkne til liv igjen, og sola stig på himmelen. Den 20. mars er det vårjamndøgn, då dag og natt er like lange. Eller meir nøyaktig: når sola står rett over ekvator på sin veg nordover. Sjølve jamndøgnstidspunktet vert klokka 10:37.

Venus er morgonstjerne

Same dag, den 20. mars, er planeten Venus på sin største avstand frå sola, sett frå jorda. Venus er den nærmaste planeten innanfor oss (nærmare sola), og er det tredje sterkaste lyset på himmelen, etter sol og måne. Er du oppe ei stund før soloppgong om morgonen, så vil du kunne sjå Venus stige fyrst opp i aust, og lyse klart ei stund, før sollyset vert så sterkt at Venus druknar i det. Vel, så sant det ikkje er for mykje skyer, så klart.

Jesus er morgonstjerna

Morgonstjerna er nemnd nokre få plassar i Bibelen. Den innvarslar dagen og lyset, og står dermed for håpet. På slutten av Johannes' openberring er Jesus sjølv omtalt som morgonstjerna. Op 22,12–17:

Sjå, eg kjem snart, og løna eg vil gje, har eg med meg; eg vil gje kvar og ein att etter det han har gjort. Eg er Alfa og Omega, den første og den siste, opphavet og enden.
Sæle er dei som vaskar kappene sine, så dei får rett til å eta av livsens tre og gå inn gjennom portane i byen. Men utanfor er hundane og dei som fer med trolldom, og dei som driv hor, mordarane, avgudsdyrkarane og alle som elskar løgn og talar løgn.
Eg, Jesus, har sendt min engel for å vitna om dette for dykk i forsamlingane. Eg er Davids rotskot og ætt, den klåre morgonstjerna.» Anden og brura seier: «Kom!» Og den som høyrer det, skal seia: «Kom!» Den som tørstar, skal koma, og den som vil, skal få livsens vatn som gåve.
Morgonstjerne.jpg

Stille klokka

Natt til søndag den 28. mars skal vi også stille klokka 1 time fram til sommartid. Den dagen må vi altså 1 time tidlegare opp.

Dei fleste moderne klokker vil stille seg sjølve. Men klokka på kjøkenveggen må du gjerne stille manuelt.

Eit vedtak om permanent sommartid har vore gjort i EU. Men prosessen er ikkje komen i mål, og synest for tida å stå i stampe. Det vert neppe noko av i år i alle fall.

Fullmåne på palmesøndag

Den same søndagen, den 28. mars, er palmesøndag, og denne dagen vert det også fullmåne. Denne fullmånen er, kan vi seie, «påskemånen», den fullmånen som er slik at 1. påskedag er «fyrste søndag etter fyrste fullmåne etter vårjamdøgn».

Fullmånetidspunktet vert denne gongen klokka 20:48 om kvelden.

Denne fullmånen har vorte gjeven ei rekkje namn, m.a. «Worm Moon» («Makkemånen»), visstnok fordi molda no har tint nok til at makkane kan verte aktive igjen.

Makkemåne.jpg
Bilde: Vito Technology

Kontaktinformasjon for Løvstakksiden menighet – Solheim og St Markus kirker

⛪ Besøksadresse (Solheim kirke):
Hordagaten 28, 5055 Bergen
🗺️ Vis i kart  

⛪ St Markus kirke:
Lien 45, 5057 Bergen
🗺️ Vis i kart  

📯 Postadresse:
Løvstakksiden menighet
Hordagaten 28, 5055 Bergen

🏛 Bankkonto: 5083.05.65067
 VIPPS nr: 537837
🎁 Bankkonto gaver: 1506.40.02551
🎁 Vipps nr gaver: 609463

🕙 Kontortid: Mandag–fredag kl 10–15
Prestene kan treffes etter avtale
📞 Tlf: 55 30 81 30
📧 E-post: lovstakksiden.menighet.bergen@kirken.no
📧 E-post om utleie av lokaler: utleie.lovstakksiden.bergen@kirken.no

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"