Informasjon om vigsel

Bryllaup i kyrkja

Bryllaup er ei viktig hending. Veteranbilane er ofte blankpussa og fotograferinga skjer på dei mest spektakulære stadene. Midt i all festivitas står to som har felles visjonar og mål for livet, men dei står ikkje åleine.

Vigsel i kyrkja

Bryllaup er ein fest for kjærleiken. To menneske lovar å elska og æra kvarandre, og å halda saman i gode og vonde dagar resten av livet. Det handlar om dei to, men dei to står ikkje åleine. Løfta blir gjevne med vitne til stades og framfor Gud.

Å inngå ekteskap eller vigsel er ei offentleg handling. Eit bryllaup i kyrkja kan vera enkelt eller påkosta. Brudefolka kan vera unge eller godt vaksne. Dei kan feira dagen med familie, slekt og venner, eller dei kan sei ja til kvarandre med berre prest og forlovarar til stades. Stort eller lite bryllaup - i kyrkja blir livet lagt fram for Gud med bøn om velsigning. Dersom de ønskjer kyrkjeleg vigsel, tek de kontakt med kyrkjekontoret for å avtala dato og tidspunkt for seremonien. 

Kyrkjeleg vigsel er ei handling av gudstenesteleg karakter. Sjølv om handlinga er fastlagd, er det likevel mogleg å setja eit personleg preg på det som skjer i kyrkja. Det er Folkeregisteret som undersøker om paret som vil gifte seg, oppfyller vilkåra for å inngå ekteskap. De må sjølve skaffa Prøvingsattest/Melding om vigsel frå Folkeregisteret, og levera det til kyrkjekontoret i forkant av vigselen. Dette bør gjerast i god tid, men hugs at prøvingsattesten de får tilbake frå Folkeregisteret, berre er gyldig i 4 månadar.