Søndag 5.november blir det allehelgensgudsteneste i Slidredomen kl.18.00. Allehelgen minnast vi og tenner ljos for våre kjære som er døde. Dei som har mista nokon siste året har fått eige invitasjon i posten, men alle er sjølvsagt velkomne. Frå kl.17.00 er det ope i kyrkjestoga, det blir kaffe og vafler. Kyrkja er ope frå 17.30, du kan tenne ljos og sitje i ro å høyre på musikk. Alistair Peters og Kristine Tande bidreg musikalsk og Ellen Rudi er vikarprest. Hjarteleg Velkomen!
Allehelgensgudsteneste 5.november
![Allehelgensgudsteneste 5.november](/globalassets/fellesrad/vestre-slidre/bilder/nyheter-og-kva-skjer/allehelgen.jpg?width=800&height=448&quality=80&contId=7273737)