Slike gravlykter som på biletet skal ikkje brukast på gravplassane i Vestre Slidre. Det har vore plukka i sekkevis med slike gravlykter på bøane ved kyrkjene våre i mange år. No må alle ta ansvar.
Gravlykter skal stå fast og ha eit lok som sit fast. Så kan me tenne lys for våre avlidne kjære med godt samvit.
Vi kan ikkje risikere at dyr blir skada. Viss vi ser slike lykter ved dugnader eller elles, blir dei fjerna.