Kyrkja er bygd i åra kring 1170-1190. Ligg nokre 100.meter opp frå E-16 i Lomesbygda. Dei flotte utskorne portalplankane kring hovudinngangen mot vest har drakemotiv innfelt i bladrankar og er sikkert jamngamle med kyrkja.
Ein antar at i kyrkja har det stått ein Madonnaskulptur som er blitt rasert under reformasjonen. I dag finst berre hovudet att, eit Madonnahovud med reine klassiske drag og med krone. Ved nordre langveggen i koret står ei kassekiste. Kista er lik kistene frå Osebergfunnet. Ho har 2 runeinnskrifter frå 1200-talet. Fagfolk meiner desse kan vera yngre enn kista. I stupulen heng 2 klokker, ei frå 1200-talet og den andre 100 år yngre. Særleg den yngste har ein nydeleg sylvklang.
Lomen stavkyrkje
![Lomen Stavkyrkje - Foto: Ola Døhl](/globalassets/fellesrad/vestre-slidre/bilder/kyrkjene-vare/lomen-stavkyrkje-foto-ola-dohl.jpg?width=800&height=448&quality=80&contId=3348443)
Lomen Stavkyrkje - Foto: Ola Døhl