Høgt og fritt ligg Røn kyrkje ca. 1 km. opp frå Røn sentrum med utsyn mot Nord-Aurdal og Vang. Kyrkja vart vigsla i februar 1749, og er opprinneleg ein lafta bygning.
Ho vart bordkledd og måla utvendig i åra kring 1860, og restaurert og kledd innvendig i 1908. Døypefonten er truleg sett saman av to forskjellige døypefontar frå mellomalderen og er av kleberstein. Ein kan tenkje seg at dette er arv frå ei eller kanskje to gamle kyrkjer i same området. I våpenhuset står ein stavkyrkjeplanke, truleg frå stavkyrkja på Fystro. Datert til 1200-talet.
Røn kyrkje
![Røn Kyrkje - Foto: Ola Døhl](/globalassets/fellesrad/vestre-slidre/bilder/kyrkjene-vare/ron-kyrkje-foto-ola-dohl.jpg?width=800&height=448&quality=80&contId=3348445)
Røn Kyrkje - Foto: Ola Døhl