Slidredomen

Slidredomen - Foto: Ola Døhl

Slidredomen er ei steinkyrkje frå slutten av 1100-talet, og er den største kyrkja i Valdres. Kyrkja er bygd i romansk stil med runde bogar, og er vigd til jomfru Maria. Fyrste gong Slidredomen er omtala er i 1264, den fattige Torstein vert utnevnt av pave Urban IV til prest i "ecclesia santae Mariae de Slidrum".

I Slidre sentrum finn ein lett Slidredomen, som den ruvande steinkyrkja ho er.

Skipet er 14,8 meter langt, 10 meter breitt og 7,2 meter høgt. Murane er kring 2 meter tjukke. Den store stolpen, "kongen", midt i skipet vart truleg oppsett då tårnet vart bygd, av di det er han som ber heile tårnkonstruksjonen. Tårnet er frå 1700-talet. Før den tid har det også vore tårn eller stupul ved sida, store nok til å innehalde dei 12 "med hinanden harmonerende klokker." 4 av dei 6 klokkene som er att i dag er frå 1200-talet. Den lafta stupulen i to høgder, på andre sida av vegen, er frå 1676. Det heng i dag to store klokker i stupulen, den eine frå mellomalderen og skal vera støypt på garden Mo, den andre står årstalet 1868.

Fyrst i 1736 vart opningen til koret på den storleiken han har i dag. før den tid var han ikkje større en ei vanleg dør. På same tid kom dei store vindaugene, i staden for dei bitte små.

Kyrkja har opphaveleg vore rikt dekorert. Fleire vigselskrossar, hjulkross og eit riddarskjold på veggane. Kommunevåpenet til Vestre Slidre er også å finne på veggen inne i skipet.

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Kontaktinformasjon for Vestre Slidre kyrkjeleg fellesråd

Kontoradresse: Slidrevegen 20,
2966 Slidre.

Besøksadresse: Kyrkjekontoret, Slidrevegen 20, 2966 Slidre.

Åpningstider: Kyrkjekontoret er ope: måndag til torsdag kl. 09.00 – kl. 15.00
Kyrkjekontoret kan vere stengt i denne tida pga. møte, ferie og anna.

Telefon kyrkjekontoret:  48237798/48122137
Epost: vk766@kyrkja.no

Telefon sentralbord kommunehuset:
61 34 50 00

VIPPS til Røn sokn: 105863
VIPPS til Slidre sokn: 109786
VIPPS til Lomen sokn: 137884

VIPPS til Kyrkjeleg fellesråd: 620343

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"