Ein rettferdig overgang

- Ein «rettferdig overgang» betyr å verne dei som kjem til å bli mest påverka av reduserte utslepp og dei som må tilpasse seg klimaendringane, sa generalsekretæren i Kirkenes verdensråd på årets storsamling for klima - "Broen til framtiden", 17. februar.

Olav Fykse Tveit, generalsekretær i Kirkenes verdensråd, stod for avslutninga av klimakonferansen "Broen til framtiden" i Oslo 17. februar.

Olav Fykse Tveit hadde innlegg ved avslutninga av den store klimakonferansen "Broen til framtiden”, og tala mellom anna om "øko-rettferd".

Den norske kyrkja står saman med klimabevegelsen og fagbevegelsen bak konferansen.  Fykse Tveit var invitert for å gje tilhøyrarane i Folkets hus innblikk i korleis kyrkjer og andre religiøse organisasjoner over heile verda engasjerar seg for “det grøne skiftet”.

- Det handlar om enorme endringar – endringar som kjem til å verke splittande og føre med seg offer og smerte, men også endringar som representerer økonomiske moglegheiter. Vi har heilt opplagt mykje «heimearbeid» å gjere, sa Olav Fykse Tveit.

Saman med alle som trur har KV hatt ansvar for å kordinere dei såkalla «faith-based organizations» på alle FNs klimatoppmøte, og bidra til at det vert framført klare meldingar frå desse organisasjonane til dei som forhandlar på vegner av nasjonalstatene. Generalsekretær Fykse Tveit uttrykte glede over semja frå klimatoppmøtet i Paris i desember 2015 og oppmoda til samarbeid for å kome vidare:

- Det er det som er det store byggeprosjektet for tida, for alle menneske og institusjonar og statar som vil vere med: Å byggje ei bærekraftig bru til framtida som alle kan gå på.

- Det trengst mange ulike søyler i brua inn i framtida, og dei må koordinerast slik at dei kan støtte opp under den same brua. Ingen kan byggje denne brua åleine. Difor er det viktig med slike konferansar som denne, sa Ola Fykse Tveit.

 

Klimaalliansen står bak konferansen. Denne alliansen er brei; fagbevegelsen, miljøbevegelsen, forskingsmiljø og kyrkja. Dette firkløveret arrangerte den årlege Broen til Fremtiden for fjerde gang, på Folkets hus i Oslo.

Frå Den norske kyrkja deltok også Ingeborg Midttømme, biskop i Møre og Berit Hagen Agøy, generalsekretær i Mellomkyrkjeleg råd.

 

 

 

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"