Saman endrar vi verda

Jesus lærte oss mykje om korleis vi menneske skal leve saman, og korleis vi skal ta vare på kvarandre og den verda vi lever i. Dette tek vi på alvor i konfirmanttida.

Solidaritet og nestekjærleik, engasjement og omsorg er viktige tema. Omsorg for andre, fredsarbeid og vern av klima og miljø er nokre av oppgåvene våre. Desse utfordringane treng engasjerte unge som kan jobbe for å skape ei meir rettferdig verd - lokalt og globalt. Du får bety noko for andre som konfirmant. Kirkens Nødhjelp er kyrkjelydane sin internasjonale hjelpeorganisasjon. Fasteaksjonen er ein stor dugnad før påske. Da går konfirmmantane saman om å samle inn pengar til det arbeidet Kirkens Nødhjelp gjer over heile verda. Changemaker er ungdomsorganisasjonen til Kirkens Nødhjelp

I konfirmasjonstida snakkar vi om nestekjærleik og om nåde - slik Gud viser nåde mot oss, skal vi vise nåde mot kvarandre - vi er alle skapt i Gud sitt bilde.

Fattigdom er urettvis. Det er nok reint vatn og mat til alle, men spelereglane gjer dei rikaste rikare og dei fattigste fattigare. Saman kan vi gi dei stemmelause ei stemme der avgjerslene blir tatt.