Landets første lærling i barne- og ungdomsarbeid i kyrkja

Førde kyrkje hadde Annika Solheim som lærling hos seg i to år. Så vidt dei veit er ho den første ungdomen som har tatt lærlingetida si som barne- og ungdomsarbeidar i kyrkja.

Annika Solheim frå Naustdal er den første som har gjennomført lærlingtida som barne- og ungdomsarbeidar i kyrkja . Foto: privat

Det var gjennom konfirmattida at Annika Solheim frå Naustdal vart kjend med kyrkja. Der vart ho med i det frivillige arbeidet og enda altså opp med å vere lærling i kyrkja. Ho hadde ikkje tenkt på den moglegheita sjølv, men vart utforda til å ta tida si som læring i barne- og ungdomsarbeid i kyrkja.

For å få nok erfaring frå heile spekteret med barne- og ungdomsarbeid hadde ho og praksis i to barnehagar i tillegg til dei aktivitetane ho var med på i kyrka. Ho var mellom anna med på korøvingar, konfirmantundervisning, leirsamlingar og barnegrupper i kyrkjelyden.

Før ho starta som lærling gjekk ho på vidaregåande skole, det første året på helse og oppvekst og det andre året barn og ungdom.

-Å jobbe med barn og unge har eg alltid vore glad i, seier Annika Solheim. – Eg vart tatt veldig godt imot og har fått god oppfølging i kyrkja. Alle har gjort alt for at eg skulle ha det bra i jobben. Men det hendte nokre gonger at ingen av oss var heilt sikre på kva vi skulle gjerne i einskilde situasjonar. Til å vere første gong dette vart prøvd ut har det gått veldig bra, legg ho til.

Tilby lærlingeplass

Det var Oddvar Etnestad, som var kyrkjeverge i Førde på den tida Annika Solheim tok til som lærling, som ivra for at kyrkja skulle vere ein plass unge kunne nytte som lærlingeplass. Han sier at siden det er stor mangel etter lærlingeplassar synes han det er kjekt at kyrkja kan vere lærebedrift. -Samstundes ser vi på dette som eit strategisk grep for å rekruttere medarbeidarar til kyrkja. Eg håper at dette også kan vere til inspirasjon for andre kyrkjelydar å prøve ut.

Kva som trengs for å begynne som lærlingbedrift finn du omtala i ressursbanken.no og på nettsida til Utdanningsdirektoratet.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"