Kyrkjemøtet sitt vedak (KM6/13)
- «Kyrkje 18-30» handlar om å vere kyrkje i vår tid. Kyrkjemøtet oppmodar heile kyrkja til å styrkje medvitet om å vere ei livsnær, relevant og tilgjengeleg folkekyrkje for alle.
- Kyrkjemøtet oppmodar kyrkjelydane og rådsorgana om å vere merksame på aldersgruppa 18-30 i alt sitt arbeid. Dette er særleg viktig i arbeidet knytt til dei kyrkjelege handlingane. Også samisk kyrkjeliv må ivaretakast.
- Kyrkjemøtet oppmodar Kyrkjerådet og bispedømmeråda om å halde fram med å utvikle ogstyrkje det kyrkjelege ungdomsdemokratiet.
- Kyrkjemøtet oppmodar bispedømmeråda om å arbeide for å styrkje studentpresttenesta.
- Kyrkjemøtet ber Kyrkjerådet, i samarbeid med ulike fagmiljø og kyrkjelege instansar, om å fremje vidare fagutvikling knytt til aldersgruppa 18-30. Kyrkjemøtet oppmodarutdanningsinstitusjonane om å gi arbeidet med unge vaksne eit særleg fokus i utdanningane for kyrkjelege medarbeidarar.
- Kyrkjemøtet ber Kyrkjerådet om å gjere antologien «Livsnær. Relevant. Tilgjengelig» kjendog tilgjengeleg, og i tillegg vidareutvikle nettstaden kirke18-30.no.
Les heile vedtaket (foreløpige protokoll – ikke renskrevet):
KM 6/13 Kyrkje 18-30
Sakspapirer KM 06/13 på Kirkemøtet 2013:
Saksdokument: Saksfremstilling
Kyrkjemøtet sitt vedtak i 2009
I vedtaket som blei fatta av Kyrkjemøtet i 2009 heiter det:
”Kyrkjemøtet utfordrar Den norske kyrkja på alle plan til å vidareutvikla og fornya arbeidet med aldersgruppa 18–30 år. Det er viktig at dette blir gjort i samarbeid med ungdomsorganisasjonar og aktuelle institusjonar i landet vårt. Satsinga på denne aldersgruppa er avgjerande for framtida til folkekyrkja.”
Les heile vedtaket:
KM 05/09 Myndig tru – mangfaldige fellesskap. Kyrkje med aldersgruppa 18-30 år
Nyhetsmelding:
Kyrkje for dei mellom 18 og 30 år (19. nov 2009)