Luke 20: Jørgen Norheim

Jørgen Norheim fekk sitt gjennombrot med romanen "Ingen er så trygg i fare", som vart nominert til Nordisk Råds litteraturpris i 2002. Les adventsteksten til Norheim her.

Jørgen Norheim. Foto: Elin Fløter/Samlaget

Jørgen Norheim f. 1953 frå Vestre Slidre fekk sitt gjennombrot med romanen «Ingen er så trygg i fare» i 2002, som vart nominert til Nordisk Råds litteraturpris. Med romanen «Adjutanten» i 2012 vart han nominert til Brageprisen. I 2012 fekk han Samlagsprisen. Norheim er utdanna historikar med oppgåva: ”I verda, men ikkje av verda: problem i norsk kyrkjehistorieskriving».

 

”Det sælaste barn som er vorte fødd”

Av Jørgen Norheim

 

Somme aktar ikkje meir på det når dei høyrer kyrkjeklokkene, enn det var ei kråke som skrækta eller ein hund som gøydde.

(Gammalnorsk homiliebok)

 

Men julekvelden er det annleis. Då går vi alle – om vi ser litt stort på det – etter lyden av kyrkjeklokkene. Då går kristne og tvilarar og ikkje-truande til gudsteneste og opplever eit fellesskap i forteljinga om Gud som vart menneske.

”I dei dagane…”

Eller var det i våre dagar… at Gud vart menneske?

Juleevangeliet er der, som rytme, som barndomsbilete, som gjentaking av eit trygt ritual, eit ritual som held oss fast og seier det er håp, livet er godt, Gud har ikkje gløymt oss.

Korleis lesa juleevangeliet i 2015 – viss ein for alvor trur at Gud vart menneske? For vi les intuitivt bibeltekster i lys av situasjonen vi er oppe i og den verda som omgir oss. Bibeltekstene blir gitt vidare frå generasjon til generasjon, men måten tekstene blir lesne på, skjer i eit samspel mellom tradisjon og situasjon.

Ei julepreike i gammalnorsk homiliebok gir oss eit blikk inn i mellomalderen si tankeverd. ”Homilie” tyder preike. Preikesamlinga er omsett frå latin, men er gitt norske særdrag. Preikesamlinga kan tidfestast til om lag år 1200, men preikene står i ein tidleg mellomaldertradisjon. Dei latinske originaltekstene kan vera frå fem- til sju-hundretalet. Her finn ein preiker av mellom andre pave Gregor den store og Beda.

I julepreika ser ein i glimt mellomaldermennesket, kva for sorger dei hadde, og kva for voner kristentrua hadde å gi dei: ”Og dette er det sælaste barn som er vorte fødd. Og den som trur på Han, skal leve med englane og hans heilage. Der er det korkje hunger eller tørste, ikkje alderdom, ikkje mørke, ikkje skrik, ikkje klage, ikkje jammer, ikkje gråt, ikkje sorg, ikkje smerte. Der er lys utan mørke og liv utan død, ungdom utan alderdom, helse utan sjukdom.”

Dette var forståelege og trøystesame ord for mellomaldermennesket, eit liv utan smerte og daglege suter. For oss er ikkje hunger eller tørste eller smerte dagleglivets problem. Som enkeltindivid opplever vi personlege sorger, suter og sjukdom, men som samfunn har vi lagt det bak oss. Som samfunn forventar vi eit liv utan svolt, vi forventar å bli gamle, og vi forventar – ja, stundom er det som om vi krev det – eit liv utan smerte. Så mellomalderens lesemåte er ikkje vår.

Korleis les så vi juleevangeliet?

I Matteus-evangeliet er det ei parallell juleforteljing: ”Då Jesus Kristus vart fødd, gjekk det såleis til…”

Det er ei fortetta forteljing om forfølging, livsfare, flukt.

Evangelisten Matteus fortel om Josef, som etter tvil og indre kampar, men etter å ha late seg overtala av Herrens engel, tek på seg farskapen for Jesus og tek Maria heim til seg.

Evangelisten fortel om vismennene frå Austerland, som spør seg føre i Jerusalem om kvar dei kan finne jødekongen. ”Vi såg stjerna hans gå opp, og no er vi komne og vil hylla han.” Men den utkropne kong Herodes får òg høyre om dette. Han blir ”… svært uroleg, og heile Jerusalem med han.” Han kallar til seg si tids vismenn og spør dei ut om kvar Messias skulle bli fødd. ”I Betlehem i Judea”, svara dei. Då kalla Herodes vismennene til seg i løynd og spurde dei nøye ut om kva tid stjerna hadde synt seg.  Så sende han dei til Betlehem og sa: ”Gå og forhøyr dykk nøye om barnet. Og når de har funne det, så sei frå til meg, så eg òg kan koma og hylla det.”

Men Herodes ville ikkje hylle jødekongen, men rydde han or vegen. Josef vart varsla av Herrens engel: ”Stå opp, ta barnet og mora med deg og røm til Egypt, og bli der til eg seier frå! For Herodes kjem til å leita etter barnet og drepa det.” Då Herodes skjøna at han hadde vorte lurt, ”vart han brennande harm. Han sende ut folk og drap alle guteborn i Betlehem og nabolaget som var to år eller yngre […] Då vart det oppfylt det som er tala gjennom profeten Jeremia:

I Rama høyrest skrik

gråt og høglydt klage:

Rakel græt over borna sine

og vil ikkje la seg trøysta.

For dei er ikkje meir.

 

Kan vi lesa juleevangeliet i 2015 utan å høyre ramaskriket frå flyktningane?

Bibelen kan lesast som ein roman om vandringar og oppbrot: Adam og Eva blir jaga ut av Paradis, Abraham bryt opp frå huset til far sin, Josef blir med tvang sendt til Egypt, Moses fører Israels born ut av slaveriet til det lova landet. Og Maria og Josef må rømme med Jesusbarnet, ”for Herodes kjem til å leita etter barnet og vil drepa det”.

Der fluktrutene rundt Middelhavet teiknar seg på kartet, breidde kristendomen seg ut for 2000 år sidan, og prøver framleis å forandre hjarte og sinn hos dei forherda.

Held vi ut ramaskriket? Klarer vi å ta innover oss at Gud vart menneske? 

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"